folkogdans.no

Siste nytt frå NFD

Ny nettportal for folkemusikk

NFD og LfS har lansert ein ny nettportal for folkemusikk i Noreg. Portalen samlar organisasjonane sine tidlegare heimesider. Dette fører med seg at all informasjon om og frå NFD kjem på dei nye sidene.
2009-08-24

Arbeid med nytt tidsskrift

Styra i LfS og NFD ønskjer å vurdere Spelemannsbladet og tidlegare Kvinten, og korleis eit nytt tidsskrift kan utviklast i samband med utviklinga på feltet. Eit utval er satt ned for å sjå på dette, og skal leggja fram ein rapport tidleg i juni. Rapporten vert grunnlaget for ei lansering av eit nytt tidsskrift.
2009-06-02

Ei tiltakspakke for rytmisk musikk!

Etablering av ei digital innkjøpsordning for fonogram, auka tilskot til Regionale kompetansesenter og nettverk, styrking av støtta til musikarar og arrangørar, og ei samordning og styrking av arbeidet med norsk musikkeksport er nokre av satsingsområda til Samstemt for 2010.
2009-06-02

2009-08-24

www.folkemusikk.no

Ny nettportal for folkemusikk

NFD og LfS har lansert ein ny nettportal for folkemusikk i Noreg. Portalen samlar organisasjonane sine tidlegare heimesider. Dette fører med seg at all informasjon om og frå Norsk Folkemusikkformidling kjem på dei nye sidene.

2009-04-25

Svineinfluensa - Ollin Kan Festival avlyser konsertar

Majorstuen rakk berre å gjennomføre ein av tre konsert før alle arrangement på verdsmusikkfestivalen Ollin Kan i Mexico City vart avlyste i går kveld. Grunnen til dette er frykt for at det hissige svineinfluensaviruset skal spreie seg til fleire.
maj mex lite
2009-04-16

Majorstuen spelar i Mexico City

Majorstuen spelar i perioden 23. april – 27. april tre konsertar på den prestisjefulle festivalen Ollin Kan i Mexico By. Festivalen trekker eit publikum på om lag 2 millionar menneske kvart år, og er blant Latin Amerika sine største musikkarrangement.
majorstuen nytt_250x251
2009-04-14

Kvarts i USA

Folkemusikkgruppa Kvarts var nyleg på turne i USA. I løpet av ni travle dagar heldt kvartetten 12 konsertar og workshop i Midt-vesten, nærare bestemt Minnesota, Iowa og Wisconsin.
kvarts
2009-04-01

København 28 oktober - 1. november

Nordic Club på Womex 2009

Womex vil frå 2009 til 2011 bli arrangert i København. Utover dei ordinære showcase-scenene på Womex  vil det i 2009 bli etablert ei scene spesielt dedikert til nordisk roots/trad -musikk. To artistar/grupper frå kvart av dei nordiske landa vil bli invitert til å spele her.

2009-03-24

Egil Storbekkens musikkpris 2009

Med dette vert Egil Storbekkens Musikkpris 2009 lyst ut.

Prisen er oppretta til ære for musikaren, komponisten og kulturberaren Egil Storbekken. Tolga kommune, Norsk Lur- og bukkehornlag, Tolga-Os Sparebank og NOPA står bak Egil Storbekkens musikkpris for fremme av interessa for, og utbreiinga av dei eldre folkemusikkinstrumenta i norsk folkemusikk og Egil Storbekken sin musikk. Musikkprisen er på kr 25.000,- samt et verk av biletkunstnaren Helga Drude Storbekken.
Storbekken
2009-03-02

Nils Økland og Catriona McKay på ny turne i Scotland

Hardingfelevirtuosen Nils Økland og den unge, skotske harpisten Catriona McKey har jobba fram eit nytt nordsjøprosjekt som dei turnerar med i perioden 6-11 mars. Med seg har dei seks andre musikarar frå Noreg, Sverige, Scotland og Shetland.

nils �kland nov 04 foto: lars o.
2009-02-18

Folkelarm, Showcase Scottland, Folkemusikkscena

Felles søknadsfrist 16.mars

Folkelarm, Norsk Folkemusikkformidling og Den Norske Folkemusikkscena inviterer utøvarar innan folke- og verdsmusikksjangeren til å søke om deltaking på bransjetreffa Folkelarm 2009 og Showcase Scotland 2010, og folkemusikkscena sitt turnéprogram hausten 2009. Denne våren gjeld ein søknadsfrist og eitt søknadsskjema for påmelding til alle dei tre arrangementa. Søknaden må fyllast ut digitalt og sendast inn per e-post. Les meir om søknadskriterium i lenkja nedanfor.


Søknadskjema med info-skriv

Felles_soknadsfrist_16_mars_385px_hoy
2009-02-03

Norsk partnarskap med Showcase Scotland 2010

Søndag 1. februar gjekk Noreg, i regi av Norsk folkemusikkformidling, Music Export Norway, og Den norske ambassade i London, inn i ei avtale med bransjetreffet Showcase Scottland. Avtala inneberer at Noreg vil få høve til å sende 5 norske artistar til ei av dei største Showcase scenene i Europa i januar 2010.
SS_CC logo_300 px
2009-01-25

Spellemannspris 2008 til Gjermund Larsen trio

Gjermund Larsen Trio vann årets spellemannspris i kategorien for folkemusikk og gammaldans.
Unspecified