folkogdans.no
Language Norsk - NorwegianLanguage English - EngelskLanguage Spansk
Home > - this month at... > Article
TA75CD_digipak_DA1X12XX

Duospel frå Brimi og Viken

2009-05-19
Erlend Viken og Aslak Brimi slepp plata "Duo" på Kafe Mir i Oslo torsdag 21. mai
Samspel med to feler er for mange spelemenn den optimale samspelforma. Det er som ein samtale. Den eine spør, den andre svarar, eggar kvarandre opp, roar seg, kranglar, trøystar og skrattar høgt saman. Møter i klangane, som ei forelsking, som ein dans ein ikkje vil skal ta slutt. Det er ein fortrulig leik som krev årvakne øyrer og nysgjerrig ope sinn. Det er respekt og tillit. Erlend Viken og Aslak O. Brimi leikar godt saman - du høyrer nesten kor dei smiler av krafta frå kvarandre sine feler, du kjenner kor dynamikken bølgjer frå bogedrag til bogedrag. Erlend som den leikande stemmespeleren, Aslak med personlege variantar som i møtet får ekstra kraft. Som lyttar vert du ei floge på veggen som tek del i deira private feststund. Det er samspel med avtrykk frå gamal og ny tid. Det er historier som er blåkledde og gåtefulle. Det er spelemannsliv. Det er det urgamle møtet mellom menn frå to dalføre (http://www.talik.no)

Erlend Viken og Aslak Brimi slepp plata "Duo" på Kafe Mir i Oslo torsdag 21. mai