folkogdans.no
Language Norsk - NorwegianLanguage English - EngelskLanguage Spansk
FOD-VOL4_90x81

folkogdans.no VOL 4

2007-10-30
Norsk folkemusikkformidling har produsert ny promo-CD. - Om ein tredjedel kjem i hendene på verkeleg interesserte er vi nøgd, seier Lene Furuli, dagleg leiar i formidlinga.

Promo-CDen er gitt ut i samarbeid med fleire plateselskap. Målgruppa for CDen er utanlandske arrangørar og agentar. I år er det også med ein DVD.

Norsk folkemusikkformidling håpar at vi i samarbeid med plateselskap og andre aktørar som arbeider med eksport av folkemusikk kan produsere årlege promo-CDar med den nyaste musikken.

CDen er produsert med støtte frå Utanriksdepartementet, Fond for Lyd og Bilde, Fond for utøvande kunstnarar og Musikernes Vederlagsfond.

Samarbeidande plateselskap er 2L, Askerladden kulturverksted, Etnisk Musikklubb, Fellside Recordings, Grappa Musikkforlag, Idut, Kirkelig Kulturverksted, Majorstuen Fiddlers Company, NorCD, Ta:lik.

Musikarane på CD/DVDen er alle med i norsk folkemusikkatalog.

På CDen: Bruvoll/ Halvorsen, Spindel, Jorun Marie Kvernberg, Tindra, Ragnhild Furebotten Trio, Susanne Lundeng, Berit Opheim, Gamaltnymalt, Daniel Sandén-Warg og Sigurd Brokke, Torgeir Vassvik, Karl Seglem, Abdulrahman Surizehi, Bridges (Unni Løvlid), Bratland/ Bashir, Unni Løvlid, Nils Økland, Sturla Eide, Fribo, Valkyrien Allstars, String Sisters, Anne Hytta, Mattisgard & Røine.

På DVDen: Majorstuen, Frikar Dancecompany, Ingunn Bjørgo band, Karl Seglem, Jan Beitohaugen Granli, String Sisters, Andreas Ljones band.









Tidlegare versjonar:






vol 3 (2004)







vol 2 (2003)






vol 1 (2001)