folkogdans.no
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk Spansk

Joik

Joiken er den tradisjonelle songen til samane. Denne songstilen er noko av det mest arkaiske ein finn innan song i Europa, og den slekter på songen til folk i Sibir, eskimoane og nordamerikanske indianarar.

Religiøse folketonar

Melodiane til protestantiske tekstar vert kalla religiøse folketonar. Melodiane til katolske tekstar vert kalla heilagviser, og er ein type ballade.

Stev

Stev har fire verselinjer som går i ein fast rytme, og kvedaren markerer av og til rytma ved tramping. Dette er ein songtype som vart nytta når fleire var samla, og folk song stev til kvarandre og svara kvarandre.

Bygdeviser og skillingsviser

Dette er nyare viser som vart komponerte på 18- og 1900-talet. Det var ofte kjende forfattarar som skreiv visene, som vart sette til melodiar som fanst frå før.

Balladar

Du trudde kanskje at balladar var einstydande med Celine Dion og "Titanic"-smør? Balladane har røter attende til mellomalderen, og har levd på folkemunne heilt til dei vart samla inn av notekunnige på 18- og 1900-talet.

Bånsullar

Også denne sjangeren innan norsk vokalmusikk hadde ein eigen funksjon i det tradisjonelle bondesamfunnet, nemleg å få dei små borna til å sove.

Lokk/lokking

Lokk er ei fellesnemning på song eller rop for å samle husdyra.

Vokal musikk

Det er fleire sjangrar innan den vokale folkemusikktradisjonen i Noreg, som lokk, bånsull, ballade, bygdevise, stev og religiøse folketonar. I Telemark og Setesdal vert den vokale folkemusikken kalla kveding.

Bygdedans

Bygdedans i 3/4 -takt har ulike nemningar etter kor i landet ein er, men vanlege namn er springar, pols, springer og springdans.

Repertoaret

Det som dominerar innan den norske folkemusikken er slåttemusikken for fele til pardansen.