Vokal musikkDet er fleire sjangrar innan den vokale folkemusikktradisjonen i Noreg, som lokk, bånsull, ballade, bygdevise, stev og religiøse folketonar. I Telemark og Setesdal vert den vokale folkemusikken kalla kveding.
Noko som er felles for den vokale
folkemusikken er at formidlinga av teksten står sentralt - ein god folkesongar
skal fortelje ei historie med songen sin. Orda vert sungne som dei ville vore sagt i
munnleg tale, og melodien vert tilpassa verselinene, slik at melodien kan
variere noko frå vers til vers. Den vokale folkemusikken vert elles kjenneteikna
ved at den ofte har svevande intervall, det vil seie intervall som er litt høge
eller låge samanlikna med den vanlege tempererte skalaen som ligg til grunn for
det meste av annan musikk. Mange vokale folkemusikarar ornamenterer i
songen sin, ved at dei "krullar", og glissando, glidetonar, er også vanleg.
|